hjelp etter kreftbehandling

 

Kreft er ei vanleg sjukdomsdiagnose i våre dagar, og svært mange overlever kreft eller lever lenge med sin kreftsjukdom. I slutten av 2016 var det over 260 000 som har hatt kreft eller som fortsatt lever med sin kreftsjukdom. Det høge talet på kreftoverlevarar fører til at fleire får seinverknader av behandlinga og at fleire blir heilt eller delvis uføre etter kreftsjukdom.

Lege og psykiatrispesialist Jon Håvard Loge uttaler til forskning.no at manglande oppfølging etter endt kreftbehandling  er som «å sende folk i krigen og ikke ta vare på dem når de kommer hjem». Når kreften er vekke eller godt kontrollert så blir ein sett på som frisk, og både ein sjølv og samfunnet rundt har forventningar til at livet skal normalisere seg; tilbake til jobb, familie, sosialt liv osv. Nedturen for mange kreftoverlevarar er stor når ein sakte men sikkert oppdagar at så enkelt er det kanskje ikkje.

Det er mange seineffektar som kan dukke opp etter endt behandling, nokon av dei vanlegaste er nevropati, fatigue, hetetokter og nedsatt søvnkvalitet, diare, munntørrheit og smerter.

I juni 2017 så disputerte ein av mine kollegaer for doktorgrad ved Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Oslo. Jill Hervik har over fleire år forska på bruk av akupunktur som lindring av hetetokter for kreftoverlevarar som står på antiøstrogenar. Dette gjeld mange som har hatt brystkreft. For å forebygge tilbakefall står mange på Tamoxifen eller aromatasehemmarar i 5-10 år etter endt kreftbehandling. Dette kan gi symptom som om ein er i overgangsalderen med hetetokter, tørre slimhinner, leddsmerter osv. Tilskudd med urter eller andre naturpreparat er strengt forbudt fordi det kan stimulere østrogen i kroppen og gi auka celledeling. Studiar i utlandet og eigne erfaringar gjorde at Hervik nytta akupunktur på desse pasientane og blei til slutt oppfordra av Brystkreftsenteret på sjukehuset i Vestfold om å systematisere og forske på om akupunktur kunne hjelpe på biverknadane. Hervik tok oppfordringa og arbeidet hennar munna ut i ei doktorgrad i juni 2017. Der kunne ho konkludere med at akupunktur gjev klar betring i hetetokter og dertil betre søvn, energi og livskvalitet. Best effekt var det på hetetoktene på natt. I tillegg blei kvinnene testa i forhold til østrogennivå og Hervik fekk også svar på at akupunktur ikkje fører til auka østrogenproduksjon og dermed trygt kan anbefalast som hjelp for denne pasientgruppa. Ho gjorde fleire studiar underveis og ei av dei viste også tydeleg at biverknadar har ein klar effekt på kva livskvalitet den enkelte opplever etter endt kreftbehandling. Liknande studiar har vore gjort også bl.a i USA med same resultat.

Kva så med prostatakreft? Mange av desse blir også satt på hormonbehandling etter kreftbehandlinga er over, for å kontrollere situasjonen. Dei får same plagene som kvinnene, og mange av dei skal sågar stå på denne behandlinga livet ut, i tillegg. Det har vore gjort ei mindre studie på akupunktur også her, som viser same gode resultata. Fleire og større studiar er ønska og håpet er at det kjem i gong snarleg.

Mi erfaring er at både menn og kvinner som står på hormonbehandling etter kreftsjukdom responderar godt på akupunktur.

Nevropati er ikkje uvanleg etter bruk av cellegift. Desse plagene kan kome etterkvart og bli eit betydeleg problem for den enkelte. I nasjonale retningslinjer for behandling av nevropati etter cellegift er akupunktur saman med forskjellige fysikalske tiltak lista opp som anbefaling. Akupunktur stimulerar nervesystemet og sirkulasjon, og kan på denne måten ha effekt på nevropati. Mi erfaring er at dess tidlegare eg får starte med akupunkturen dess raskare resultat.

Fatigue er svært vanleg etter kreftbehandling. Pasientar beskriv det som ei ufatteleg trøyttheit, som  om alle krefter er sugd ut av kroppen. Fatigue er vanskeleg for oss andre rundt å fatte, personen ser kanskje både frisk og god ut, men kreftene er bortevekk. I USA har ein på mange av dei store kreftsjukehusa etablert akupunktur som ein del av tilbodet til pasientane. Ikkje som kreftbehandling, men som ei støttebehandling inn mot kvalme, smerter, immunforsvar, søvnproblem og ikkje minst seinskader etter kreftbehandling. Med denne bakgrunn og den erfaring dei har gjort seg over det siste 10-året i USA har det no blitt etablert eit spennande prosjekt i Norge. To av dei største kreftsjukehusa i USA, Ahus i Oslo, Høyskolen Kristiania og NAFKAM i Tromsø held no på med eit prosjekt der akupunktur skal brukast ved Fatigue. Studiet skal foregå i Oslo med Ahus som base. Nokon av mine kollegaer har allereie vore på studieturar til USA som start for prosjektet.

Fleire studiar viser at akupunktur har ein immunstyrkande effekt. Eg har gode erfaringar i å bruke akupunktur for å styrke immunforsvar og forebygge mot stadige infeksjonar.

Går vi inn på nettsida til eit svært godt renommert kreftsjukehus i USA, MD Anderson, så kan vi lese at dei brukar akupunktur ved kvalme, hetetokter, munntørrheit, fatigue. smerter, forstoppelse, nedsatt matlyst, angst, depresjon, søvnproblematikk og ikkje minst nevropatiar, og at dei er godt nøgde med å ha dette verktøyet i skuffa si saman med andre kjende verktøy som fysioterapi, ernæring og medisinar.  I USA har dei i tillegg no eit stort fokus på bruk av opioidar  ved smerter, og at bruken av dette må ned. Opioidar er svært vanedannande og gir avhengigheit som er utfordrande for den enkelte. Akupunktur er noko av det dei no ser meir på for å bygge opp tilbod om god smertelindring med minst mogleg bruk av medikament. Dette vil også vere eit tema for kreftpasientar og kreftoverlevarar.

  • x